(Av Reidar Harberg)
Det er ein ”institusjon” som står i ein lang tradisjon som dette året kan markera sine 25 år. I 2007 var det hundre år sidan det første bedehuset i krinsen var sett opp. Hodne bedehus blei bygd i den tida det blei sett opp mange bedehus rundt på Jæren. Haugerørsla sette sine spor i bygdene og førde og i Bore til at det blei bygd bedehus på Hodne. Både bygning og arbeid følgde den gamle tradisjonen heilt fram til den store utbygginga kom i Verdalen på 1970-talet. Då blei det behov for større lokale, og andre aktivitetar og arrangement kom til i bedehus-samanheng.
Som ofte i slike saker, blei det ein lang prosess frå planar til ferdig bygg (1975-1985). Det blei og mange timars drøftingar i komitear og på årsmøte for å bli samde om både bygning og drift av bedehuset. Dei som var med i styra på den tida, var opptekne av at Hodne bedehus skulle førast vidare både i drift og tradisjon. Samstundes måtte det gjerast tilpassingar i lover og reglar slik at det nye bedehuset kunne bli ein tenleg reiskap i det kristne arbeidet i Bore.
Og det er ikkje tvil om at det nye bedehuset førde til nye tiltak. Det har frå starten i 1985 gitt plass til søndagsskule, ”Byggeklossen”, barneforening, yngstes, yngres (”Splæsj”), speidergrupper, ungdomsarbeid, ”Våre heimar”, barnekor, ungdomskor, musikklag og misjonsforeninger.
Og før bedehuset var ferdig, blei det i underetasjen starta drift av barnehage. Denne held framleis til i bedehuset, men er seinare overført til kommunal drift.
Det er mange som har stått trufast i arbeidet, både reint praktisk med bygging og vedlikehald og i drift av lag og foreninger. Desse har gjort – og gjer – ein uvurderleg innsats i det oppbyggelege arbeidet for barn, unge og vaksne i Bore som vi er takknemlege for. Vi trur at bedehuset og dei ulike aktivitetane der har fått vera til hjelp for mange i desse åra.
Det er altså andre generasjon av bedehuset som no har fått vera med i ¼ av dei hundre åra av bedehushistoria i bygda. Så blir det spanande å sjå kva neste generasjon vil tilføra dette arbeidet som er ein viktig del av både Gudsliv og kulturliv i Borebygda.
Mer om historien til Bore Bedehus kan du lese i "om oss" seksjonen.