Speideren - Oppdagere (Alle) - HAIK

16.04.2010 18:00

Endeleg oppdagarhaik ! ! !
 

Ungen leveres på parkeringsplass, Borestraen (attmed strandcampen) – fredag 16. april kl. 18. Derfra utmarsj til leirområdet (Storåkeren,Hodne), ca. 1 km. Forslag til pakkeliste :

• varme, gode klede – tenk ull ( det er kaldt om kvelden og natta sjølv om sola skin om dagen )
• Varm og god sovepose
• Liggjeunderlag ( ikkje svære madrasser, då vert det ikkje plass i lavvoen).
• ekstra sokkar, bukse, jumpar
• varm stilongs (ull)
• varmt skotøy
• varme ytreklede
• Regntøy (i beredskap)
• Hovudlykt evt. lommelykt.
• Kniv (særs viktig denne gangen, då dei skal kvalifisera seg til spikkemerket.)
• grillmat til fredag kveld
• Nistepakke til laurdag morgon
• kosemat ( td LITT snop )
• drikka til heile turen

Du må pakka i ryggsekk. Bagasje, unntatt drikkeflaske, vert lempa over i bil frå Borestraen til leirplassen. Hugs namn på sakene!  (Av erfaring er det ein del ting som ligg igjen – og det er ikkje heilt alle småting som får sin rettsmessige eigar etterpå )  Det er mogleg for føresatte å vera med på bålkos fredag kveld. Det er og mogleg for ungen å reisa heim fredag kveld (i så fall må foresatte hente ungen sjølv)!!!!

Merke ”flisespikkar”.

Ungen skal kvalifisera seg til merket under haiken. Utanom å spikke bålspidd sjølve, skal me gjennomgå følgande punkter:

• Kniven må vere skarp. Ein sløv kniv er vanskeleg å kontrollere.
• Spikk alltid frå deg, ikkje mot deg sjølv eller mot andre.
• Ha kniven i slira når du bruker den, heng den bak på hofta.
• Leik aldri med kniv. Sett ikkje kniven i bakken.
• Når du gjer frå deg kniven, hold i bladet slik at mottakar trygt kan ta i skaftet.
• La ikkje kniven koma borti stein, grus, metall etc. Då vert kniven sløv.
• Viss du skjerer av barken rundt eit tre, drep du treet. Ver varsam med knivbruk i naturen.

Ungen skal ikkje lera dette utanat, men forstå viktigheten av det og vise forståelse for riktig bruk av kniv. Me bed om at de brukar litt tid i lag med ungen og gjennomgår desse punktene slik at han/ho er betre førebudd til å ta merket.

Me garanterer ein gild tur !!!! ( Oddvar 95429390 eller Klaus 99448854 )
 

Haiken er slutt kl. 09.00.
 

Til ”Storåkeren”: Frå Bore følger du Nordsjøvegen – Rv 507, svinger av traktorveg høgre side rett etter Nordsjøvegen 203. Du følger traktorvegen heilt til endes.

”Ver budd !” - Helsing speidarleiarane – me gler oss!!
 

****

Sigrun/Harald Mellemstrand, Brit Irene/Geir Magne Nodland, Grete/Johannes Hodne, Hans Kristian Jakobsen og Thor Sele/Linn Sør-Reime.

Vårprogrammet for 2010 for Oppdagerene på Bore kan du laste ned her (pdf): Program_2010_Vaar_Oppdagere.pdf